Chale Bay
Chale Bay er ei bukt på sørvestkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg vest for landsbyen Chale, som ho har fått namn frå. Ho vender sørvestover mot Den engelske kanalen, har ei 5 km lang kystlinje og svingar svakt. Ho strekkjer seg frå Artherfield Point i nordvest til Rocken End i søraust.
Havbotn er ei blanding av gjørme, sand og skjel. Stranda består hovudsakleg av singel.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chale Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2010.