Chamoda er ein av tre fjelltoppar på Omurga i Olympos i Tyrkia, som ligg langs ruinane av Olympos. Chamoda er 527 meter høgt. Den høgaste toppen vert lokalt kalla 'Meral' og det ligg eit lite austromersk forsvarsverk på nordsida. Det ligg òg fleire andre ruinar nær Omurga.

Chamoda sett frå Olympos-dalen.

Det er populært å gå tur på fjellet der ein har flott utsikt over Olymposstranda, ruinane og omliggande pensjonat. Det finst òg ei grotte i Chamoda, ofte kalla Ulvegrotta. Tidleg i 1960-åra gøymde ein mistenkt mordar seg i grotta i løpet av ein heil vinter.

Kjelder endre