Chandra-teleskopet
Chandra (engelsk: Chandra X-ray Observatory) er eit røntgenteleskop og det tredje teleskopet i NASA sitt Great Observatories-program. Det blei plassert i bane rundt jorda med romferja Columbia 23. juli 1999.[1] Før oppskytinga var teleskopet kjend som AXAF, kort for Advanced X-ray Astrophysics Facility. Det var på tida det blei bygt det mest sofistikerte røntgenteleskopet med ein oppløysning åtte gonger betre og med ei evne til å kunna avsløra røntgenkjelder 20 gonger svakare enn kva som helst anna teleskop.[2]
Chandra har fire vitskaplege instrument: eit biletspektrometer, eit høgoppløysningskamera og høg- og lågenergi-spektrometer.
Teleskopet er namnsett etter den indisk-amerikanske fysikaren Subrahmanyan Chandrasekhar.[3]
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ «The Chandra Mission» - Generelt om teleskopet på heimesida.
- ↑ «Chandra X-ray Observatory Quick Facts»
- ↑ «The Man Behind The Name» - Om Chandrasekhar på heimesida til teleskopet.