Chono var ei innfødd folkegruppe som levde på Eldlandet og på Chiloé-øyane i dagens Chile. Folket er i dag utdøydd.

Rekonstruksjon av ein dalca, båtane som chono-folket brukte.
Frå eit museum i Chile, 2007.

Levevis endre

Chono-mennene jakta på sjødyr, særleg sjøløver, medan kvinnene samla skaldyr og tang. Dei brukte reiskapar som nett, spyd og båtar, og dyrka poteter og andre matplanter. Dei hadde sitt eige språk, som ein trur var ei forgreining av språket kawésqar.

Historie endre

Lik dei andre eldlendarane fekk chono-folket eit hardt møte med dei kvite, anten på grunn av nye sjukdommar eller direkte krigføring mot dei innfødde. Det finst kjelder som fortel at det i 1710 samla seg 500 chono-folk rundt ein jesuittisk misjonsstasjon. Etter relativt kort tid forsvann dei att utan å leggja spor att etter seg. I 1875 såg ein kaptein det han meinte var ein familie med chono-folk i farvatnet ved guaitecas-øyane utanfor Chile. Etter dette har ikkje chono-folket vorte nemnt nokon stad, og det er uvisst kva som til slutt skjedde med dei. Kanskje overlevde dei ved å slå seg saman med alakaluf-folket.

Kjelder endre