Cirrus Kelvin-Helmholtz

Cirrus Kelvin-Helmholtz
KH instabilitet synleg i skyer over Mount Duval i Australia
KH instabilitet synleg i skyer over Mount Duval i Australia
Høgd Over 7000 m
Utsjånad Brytande bølgjer
Nedbørsky? Nei
Forkorting Ci

Cirrus Kelvin-Helmholtz er ei type cirrussky som oppstår i store høgder som smale, horisontale spiralforma skyer. Dei varer vanlegvis ikkje lenger enn eit par minutt og er derfor kanskje den skytypen som er vanskelegast å få auge på.

Skyene oppstår i samband med eit vindskjer i luftlaga rundt cirrusskyene. Det vil sei at to luftlag enten flyttar seg i forskjellig retning og/eller med forskjellig fart. Dette fører til vertikale bølgjer på grenseflata mellom desse to luftlaga. Som oftast vil det bli danna skyer på bølgjetoppane i samband med slike vindskjer, men for Cirrus Kelvin-Helmholtz er bølgjerørsla kraftigare og bølgjene bryt på same måte som havbølgjer bryt på ei strand. Kelvin-Helmholtz bølgjer er sannsynlegvis ganske vanleg på toppen av troposfæren, men lufta er som regel så pass tørr at det ikkje eksisterer skyer som synleggjer bølgjene. I slike tilfelle vil det oppstå klarluftsturbulens, som er umogeleg for fly å oppdaga på førehand sidan den ikkje er synleg på radar.

Sjå òg endre