Civil Authorities (Special Powers) Act (1922)

Civil Authorities (Special Powers) Act (Northern Ireland) 1922, ofte ogso forenkla omtala som Special Powers Act, var ei lov fastsett av Parlamentet i Nord-Irland like etter at Nord-Irland hadde vorte til og fått eige parlament. Lova fekk kongeleg godkjenning 7. april 1922. Ho gav svært vidtgåande fullmakter til arrestasjon utan arrestordre og ei rad andre sanksjonar - irekna fysisk avstraffing, internering utan rettssak, avretting, oreigning av eigedom, organisasjonsforbod, møteforbod og publikasjonsforbod. Lova gav og høve til å stengja for etterforsking av politiet/ordensmakta. [1] Lova gav eit ekstremt tøyeleg vegg-til-veggteppe av fullmakter og tiltak mot alle som var eller kunne mistenkjast av dei unionistiske styresmaktene i Nord-Irland for å vera motstandar av denne nye eininga innanfor det Sameinte kongeriket. Ei av dei mange gummistrikkformuleringane i dette lovverket er slik pkt 23 del 1:

Any person authorised for the purpose by the civil authority, or any police constable, or member of any of His Majesty’s forces on duty when the occasion for the arrest arises, may arrest without warrant any person whose behaviour is of such a nature as to give reasonable grounds for suspecting that he has acted or is acting or is about to act in a manner prejudicial to the preservation of the peace or maintenance of order, or upon whom may be found any article, book, letter, or other document, the possession of which gives ground for such a suspicion, or who is suspected of having committed an offence against these regulations, or of being in possession of any article or document which is being used or intended to be used for any purpose or in any way prejudicial to the preservation of the peace or maintenance of order, and anything found on any person so arrested which there is reason to suspect is being so used or intended to be used may be seized, and the civil authority may order anything so seized to be destroyed or otherwise disposed of.[2]

Lova har difor ogso i historiske leksika vorte omtala som "drakonisk" [3] og som "the Flogging Bill."[4] Politiske leiarar i andre autoritære regime har og uttrykt misunning over dei sterke juridiske fullmaktene denne lova gav dei nordirske styresmaktene. I 1963 uttrykte t.d. justisministeren under apartheid-regimet i Sør-Afrika i parlamentet deira at han var viljug til å byta ut all Sør-Afrikansk unntakslovgjeving med ein paragraf frå Civil Authorities (Special Powers) Act (1922).[5]

Med fullmakt i denne lova vart internering praktisert frå 1922-24, 1938-45, 1956-62 og frå 1971. Den lovlege fullmakta til pisking vart fjerna i 1968.[6]

Restoration of Order in Ireland Act (1920) vart avløyst av denne lova, ho vart årsvisst fornya til 1928, då ho vart forlenga i ein femårsperiode til 1933. Frå då av vart ho permanent, men endringar vart gjort i lova i 1943.[7] Lova var det juridiske grunnlaget for den massive interneringa som vart sett i verk i Nord-Irland i 1971. Ho vart fyrst oppheva etter oppløysinga av Stormont og innføringa av britisk beinveges styre. Då kom i staden NI Emergency Provisions Act (1973) og Prevention of Terrorism Act (1974). Det er liten tvil om at denne unnatakslova vart gjort permanent, og at sjølv om ho vart avløyst av andre lover (slik som dei som er nemnde ovanfor), so vart hovudelement i ho likevel ført vidare.[8]

ReferansarEndra

  1. D.J. Hickey og J.E. Doherty: A dictionary of Irish History 1800-1980. Dublin, Gill and MacMillan 1987, s. 70. ISBN 0-7171-1567-4
  2. Civil Authorities (Special Powers) Act (Northern Ireland) 1922 i digital fullversjon frå Conflict Archive in the Internet (CAIN): https://cain.ulster.ac.uk/hmso/spa1922.htm Henta 3. august 2019.
  3. S.J. Connolly (red.): The Oxford Companion to Irish History. Oxford, Oxford University Press 1999, s. 522. ISBN 0-19-866240-8
  4. D.J. Hickey og J.E. Doherty: A dictionary of Irish History 1800-1980. Dublin, Gill and MacMillan 1987, s. 70. ISBN 0-7171-1567-4
  5. Adrian Guelke: The Political Impasse in South Africa and Northern Ireland: A Comparative Perspective. I Comparative Politics Vol. 23, No. 2 (jan. 1991), s. 143. Elektronisk frå https://www.jstor.org/stable/422358?seq=1#page_scan_tab_contents Lese 3. august 2019.
  6. D.J. Hickey og J.E. Doherty 1987, s. 70f.
  7. Laura K. Donohue: Counter-terrorist law and emergency powers in the United Kingdom 1922-2000. Dublin, Irish Academic Press 2001, s. 31. ISBN 0-7165-2687-5
  8. Laura K. Donohue 2001, s. 306f får fram dette i kapitlet med overskrifta "Temporary Permanence: Emergency Powers 1922-2000."