Coats Land
Coats Land er ein region i Antarktis som ligg vest for Dronning Maud Land og dannar austkysten av Weddellhavet. Regionen strekkjer seg generelt frå nordaust til sørvest mellom 20º00´V og 36º00´V. Nordaustområdet vart oppdaga frå «Scotia» av William S. Bruce, leiaren for Den skotske nasjonale antarktisekspedisjonen, 1902-04. Han gav det namnet Coats Land kalla opp etter James Coats, Jr. og major Andrew Coats, dei to viktigaste støttespelaraen for ekspedisjonen.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coats Land» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: