Coming to America
Coming to America, kalla Amerika for mine føtter på norsk, er ein amerikansk romantisk filmkomedie frå 1988. Filmen er regissert av John Landis. Manuset er skrive av David Sheffield, Barry W. Blaustein, og Eddie Murphy. Murphy spelar òg ei av hovudrollene i filmen saman med James Earl Jones og Arsenio Hall. Coming to America handlar om prins Akeem som kjem frå det fiktive afrikanske monarkiet Zamunda, og som reiser til USA mellom anna for å prøve å finne seg ei kone.