Comiso

kommune i Italia

Comiso er ein by og ein kommune i provinsen Ragusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har i kring 30 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 64,9 km².

Utsyn over Comiso

Comiso ligg 22 km vest for provinshovudstaden Ragusa i det sørlege av Sicilia, 229 meter over havet. Landbruk er hovudnæring, særleg vinproduksjon og grønsaksdyrking. Ulike handverksnæringar, som smikunst, snikkarverskemd og bearbeiding av marmor spelar ei vesentleg rolle i sysselsettinga.

I antikken var Comiso ein gresk koloni med namnet Kasmenai. Byen vart grunnlagd i 642 før vår tid av folk frå Siracusa, og i 212 fvt øydelagd av romarar. I 1693 vart Comso sterkt skadd i eit jordskjelv.

Kjelder endre