Compact Forest Proposal

Compact Forest Proposal
Studioalbum av Brian Eno
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve Februar 2001
Innspelt 2001
Sjanger Ambient
Lengd 48:00
Selskap Opal
Produsent Brian Eno
Brian Eno-kronologi 
Music for Civic Recovery Centre
(2000)
Compact Forest Proposal Drawn from Life
(2001)


Compact Forest Proposal : 5 Studies for "010101", San Francisco Museum of Modern Art, 2001 er ein ambient installasjonsalbum av den britiske musikaren Brian Eno, frå februar 2001.

Musikken på albumet var henta frå ein installasjon, eit show med musikk og visuell kunst, som fann stad i San Francisco Museum of Modern Art sitt «010101: Art in Technological Times»-utstilling, som opna 3. mars 2001. Sidan den gong har museet sett opp installasjonen permanent.[1]

Eno nytta 10 forskjellige CD-spelarar i installasjonen, som kvar spelte eit enkelt lydlag, som blanda seg i lag i uendelege kombinasjonar. CDane hadde fleire spor, nokre berre med stille, og kvar spelar var sett til å spele desse i tilfeldig rekkefølgje. Den endelege musikken vart slik kombinasjonar som endra seg heile tida og aldri gjentok seg sjølv.

Musikken kan reknast som ein «oppfølgjar» til Music for Civic Recovery Centre frå 2000 som er bygd opp på liknande måte.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Compact Forest Proposal, Condition 5»6:09
2.«Compact Forest Proposal, Condition 3»5:53
3.«Compact Forest Proposal, Condition 4»20:04
4.«Compact Forest Proposal, Condition 8»5:45
5.«Compact Forest Proposal, Condition 7»10:00

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 26. september 2007