Conon er eit lite, men markant månekrater eller ringfjell som ligg i aust i fjellrekkja Montes Apenninus. like vest for Conon ligg den lange fjellryggen Mons Bradley. Dei nærmaste kratera med eigne namn er Galen, kring 70 km mot aust, Aratus, like langt mot nordaust.

Conon

Conon (høgre) og Mons Bradley (venstre) frå Apollo 17. Foto av NASA.
Koordinatar21°36′N 2°00′W / 21.6°N 2.0°W / 21.6; -2.0
Diameter21 km
Djupne2,3 km
EponymKonon frå Samos
Skrått utsyn mot Conon og sør frå Apollo 15.
Skrått syn på Rima Conon fråApollo 17.

Kanten av Conon er skarpt definert og er ikkje blitt særleg erodert av seinare nedslag. Den indre veggen har noko variable breidd, og den indre botnen dannar ei oval form. Denne irregulære forma kan kome av at flata var grov og ujamn då krateret vart danna.

I sør ligg Sinus Fidei ei bølgjete rille som går sør-søraustover. Denne rilla vert kalla Rima Conon, og er kalla opp etter krateret.

Krateret er kalla opp etter astronomen Konon frå Samos (kring 250 fvt.).

Satellittkrater endre

Dei nærmaste kratera til Conon er:

Conon Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 19.7° N 4.5° E 7 km
W 18.7° N 3.0° E 4 km
Y 22.3° N 1.9° E 4 km

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre