Corvo (portugisisk, Ilha do Corvo) er den minste og den nordlegaste av Asorane og den nordlegaste øya i Makaronesia. Ho har eit areal på 17,45 km² og har 468 innbyggjarar (2006) i ein eigen kommune med same namn. Kommunen er den minste i Portugal.

Corvo
Kaldera på Corvo
Kaldera på Corvo
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 39°40′N 31°04′W / 39.667°N 31.067°W / 39.667; -31.067
Øygruppe Asorane

Areal 17,45 km²

Høgaste punkt Morro dos Homens (715 m moh.)

Administrasjon
Land Portugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Corvo (468 innb.)

Demografi
Folketal 468 (2006)
Folketettleik 27 /km²

Geografi endre

Det høgaste punktet på Corvo er Morro dos Homens på 718 meter over havet og ligg sør for eit vulkankrater. Heile øya vart danna då ein vulkan kollapsa og danna ein kaldera. Krateret vert på øya kalla Caldeirão og er 300 meter djupt og har ein diameter på 2 km. Det er ofte dekt av dis.

Anna terreng på øya er åskledde skogar i aust og klipper i vest og i nord. Sjølve byen ligg sørvest på øya.

Historie endre

Øya vart oppdaga i 1452 av Diogo de Teive. Ho har sidan ho vart oppdaga vore knytt til Asorane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre