Cosimo Tura

Cosimo Tura (14331495), også kjend som Cosmè Tura, var ein italiensk målar under den tidlege renessansen, kjend som quattrocento. Han vert rekna som den fremste aktøren mellom skaparane av Ferrara-skulen.[1]

Cosimo Tura
Cosmè Tura 039.jpg
Fødd 1430
Ferrara
Død

1495 (65 år)
Ferrara

Yrke kunstmålar, tapestry designer
Cosimo Tura på Commons
Musen Terpsikhore, ca. 1450-60

Liv og gjerningEndra

Tura var fødd i Ferrara og gjekk i lære hos Francesco Squarcione i Padova. Seinare gjekk han i teneste for hertugane Borso og Ercole I d'Este. Frå seinaste 1460 var hoffmålar i Ferrara. Francesco del Cossa og Francesco Bianchi var mellom elevane hans. Sjølv synest han å ha vore påverka av stilane til quattrocentistane Andrea Mantegna og Piero della Francesca.

Åra 1469-71 måla Tura freskar i Palazzo Schifanoia. Dette underhaldnings-palasset, som d'Este-familien eigde, låg den gongen rett utanfor bymurane. Saman med Francesco del Cossa laga Cosimo Tura ein omfattande serie med allegoriske verk over månadene i året og teikna i dyrekrinsen. I serien vart fletta inn portrett av samtidige musikantar, arbeidarar og karnevalsflåtar i idylliske paradar. Til liks med i Piero della Francesca si biletverd, framstår figurane i ei klassisk ro.

I 1469 måla Tura orgeldørene i domkyrkja med motivet Kunngjeringa. Han måla det som er rekna som dei to hovudverka sine, altertavlene i London og Berlin, i 1470-åra. Pietà som no er i Museo Civico i Venezia er truleg yngre.[1]

Han deltok i målinga av ein serie muser i eit arbeidsrom som tilhøyrde Leonello d'Este, der i mellom ei allegorisk framstilling av Kalliope.

Store delar av produksjonen til Tura er tapt, mellom anna portretta frå tida ved hoffet til familien d'Este i Ferrara.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Cosimo Tura», Store norske leksikon, 15. februar 2009