Courbevoie
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Hauts-de-Seine
Geografi
Flatevidd 4,17 km²
Flatevidd
 - By

4,17 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

80 710
  19 355/km²
Koordinatar 48°53′49″N 02°15′23″E / 48.89694°N 2.25639°E / 48.89694; 2.25639
Høgd over havet 40 m
Diverse anna
Heimeside: www.ville-courbevoie.fr

Courbevoie er ein kommune og by i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 8,2 km frå Paris sentrum i departementet Hauts-de-Seine, og har eit folketal på om lag 80 000 innbyggjarar fordelt på om lag 4 km². Dermed er Courbevoie ein av kommunane i Europa med størt folketettleik.

La Défense, Paris sitt forretningsstrøk med dei høgaste bygningane i storbyområdet, ligg i den sørlege delen av Courbevoie (distriktet ligg òg i Puteaux og Nanterre).

Namnet Courbevoie kjem frå det latinske ordet Curva Via og tyder «svingete hovudveg», visstnok ein referanse til ein romersk veg frå Paris til Normandie, som hadde ein skarp sving over åsen der Courbevoie ligg.

Bakgrunnsstoff

endre