Craig Murray

britisk diplomat

Craig John Murray (fødd 17. oktober 1958)[1][2] er ein britisk tidlegare diplomat og seinare aktivist, menneskerettsforkjempar og varslar. Han var rektor ved Universitetet i Dundee frå 2007 til 2010.

Craig Murray

Fødd17. oktober 1958
West Runton
NasjonalitetStorbritannia
Yrkediplomat, bloggar, menneskerettsaktivist, varslar
InstitusjonarForeign and Commonwealth Office
Alma materUniversity of Dundee
Paston College
EktefelleNadira Alieva

Mellom 2002 og 2004 var Murray britisk ambassadør i Usbekistan. I denne tida gjorde han kjend menneskerettsbrot utførte under Islam Karimov. Dette førte til konflikt med britiske Foreign Office, og han blei til slutt avsett.[3]

Etterpå blei han ein politisk aktivist. Han har skrive bøkene Sikunder Burnes: Master of the Great Game (2016), The Catholic Orangemen of Togo (2009) og memoaret Murder in Samarkand (2006).

Kjelder

endre
  1. «About Craig Murray». Craig Murray. 
  2. Murder in Samarkand s. 293
  3. Simpson, Anne (18. juli 2006). «'The high is finding a moral strength. The low is lack of money ... and having to do my own washing-up'». The Herald (Glasgow). Henta 17. mars 2018.