Crispo er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer.

Crispo
Foto: Kjetil Ree

Produktet vart introdusert i 1958 på fabrikken til Bergene på Rodeløkka i Oslo. Då Nidar og Bergene sameina, vart produksjonen av Crispo flytta til fabrikkane til Nidar i Trondheim. Det blir selt rundt fem millionar Crispo kvart år i Noreg.

Crispo blir framstilt ved at mjølkesjokolade blir blanda med «sprø krisp» av ris. Blandinga blir så helt i former som blir førte gjennom ristebord. Desse spreier sjokoladen utover forma, før formene blir køyrte gjennom fleire kjølekanalar. Sjokoladen blir så helt ut av formene og over på eit band der han blir pakka i emballasje.

Crispo-variantar endre

Det var berre ein variant av Crispo i sal fram til 1995, då vart storplata av Crispo introdusert. Januar 2007 lanserte Nidar Crispo som ein liten sjokolade; «Crispo bar». Denne kunne ein finna i fem ulike design.

Kjelder endre