Cupvinnarcupfinalen i fotball 1977
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1977 fann stad på Olympisch Stadion i Amsterdam 11. mai 1977, framfor 65 000 tilskodarar. vesttyske Hamburger SV vann finalen, den 17. i sitt slag, med siffera 2-0 mot tittelforsvarar RSC Anderlecht frå Brussel.
Kampen
endreEtter ein mållaus fyrste omgang tok det over halvtimen av den andre før det vart endring i målprotokollen. Hamburg vart då tildelt straffespark og venstrevengen Georg Volkert netta sikkert. Ti minuttar seinare la den sentrale midtbanespelaren Felix Magath på til sluttresultatet 2-0.
Engelendaren Pat Partridge dømde kampen.
Laga
endreHamburg sitt vinnarlag bestod av: Rudi Kargus, Manfred Kaltz, Hans-Jürgen Ripp, Peter Nogly (kaptein), Peter Hidien, Caspar Memering, Felix Magath, Ferdinand Keller, Arno Steffenhagen, Willi Reimann og Georg Volkert, alle saman vesttyskarar.
Anderlecht mønstra fylgande mannskap: Jan Ruitewr, Gilbert Van Binst, Erwin Vandendaele (kaptein), Jean Thissen, Hugo Broos, Jean Dockx, Ludo Coeck, Arie Haan, François Van der Elst, Peter Ressel og Rob Rensenbrink.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1977 European Cup Winners' Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mai 2018.