Curt Hansen (fødd 18. september 1964) i Bov i Sønderjylland er ein dansk stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste sjakkspelarane i Danmark gjennom tidene.

Curt Hansen

Statsborgarskap Danmark
Fødd 18. september 1964 (59 år)
Bov Parish
Yrke sjakkspelar
Curt Hansen på Commons

Han fekk det store gjennombrotet sitt 17 år gammal, då han vann europamesterskapen i sjakk for juniorar i 1982. Dette følgde han opp med danmarksmeisterskapen og nordisk meisterskap i sjakk det følgjande året, og i 1984 blei han verdsmeister i sjakk for juniorer. Enda eit år seinare hadde han oppfylt krava for å stormeister. Høgaste FIDE-rating er 2635 frå juli 2004, pr. november 2010 hadde han 2619. Høgaste plassering på verdsrankingen var i 1992, då han var nummer 14. Han har vunne om lag 20 større sjakkturneringar, seks danmarksmeisterskap, tre tyske lagmeisterskap med Köln Porz og 61 poeng på 94 landskampparti, mellom anna 66% i 48 OL-parti.

Curt Hansen er også ein framståande postsjakkspelar, der han også er stormeister.

Curt Hansen har sidan 1986 vore redaktør for sjakkspalta i Jyllands-Posten.

Danmarksmeisterskap endre

Curt Hansen har vunne turneringa seks gongar: 1983, 1984, 1985, 1994, 1998 og 2000.

Viktige turneringssigrar endre

  • Junior-EM Groningen 1982 (10/13 poeng).
  • Nordisk meisterskap Esbjerg 1983 (8,5/11 - første stormeister-norm).
  • Multi-tabs GM-turnering Gladsaxe/Farum 1983(6/9 kategori 8).
  • Junior-VM Kiljava Finland 1984 (10,5/13 - andre stormeister-norm).
  • Borgarnes Island 1984 (8/11, kategori 8).
  • Politiken Cup Vejstrup 1989 (6,5/9, kategori 10).
  • Groningen 1991 (6/9, kategori 13).
  • Super Chess Cup Tåstrup 1992 (6,5/9, kategori 13).
  • Vejle 1994 (6,5/9, kategori 10).
  • Malmö Sverige 1994 (7/9, kategori 12).
  • Nordisk meisterskap og soneturnering Reykjavik 1995 (8,5/11).
  • Samba Cup (Skanderborg) 2003 (5,5/9)

Bakgrunnsstoff endre