Cyrille Regis

fransk fotballspelar

Cyrille Regis (9. februar 195814. januar 2018) var ein britisk fotballspelar, fødd i Fransk Guyana. Han spelte midtspiss på West Bromwich Albion i sju sesongar, og like lenge på Coventry City.

Cyrille Regis

The Three Degrees statue - New Square, West Bromwich (48488490306).jpg

Statsborgarskap Frankrike, Storbritannia
Fødd 9. februar 1958
Maripasoula
Død

14. januar 2018 (59 år)

Idrett fotball
Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

KlubbspelEndra

Regis fekk kontrakt med West Bromwich sommaren 1977 og var ein flittig målskårar for fyrstedivisjonslaget i sju år. I 1984 flytta han over til Coventry City mot 250 000 pund. Våren 1987 var han med om å sikre klubben sitt einaste trofe. Den 16. mai spelte han heile kampen då Tottenham Hotspur vart slått 3 – 2 i finalen i FA-cupen. Etter å ha vore benkeslitar ei tid, gjekk han sommaren 1991 vidare til Aston Villa. Perioden 1993-96 spelte han ein sesong i kvar av klubbane Wolverhampton Wanderers, Wycombe og Chester.

LandslagsspelEndra

Regis deltok i 5 av England sine landskampar, fire i 1982 og den siste hausten 1987. Han var innbytar i tre av kampane, skåra ingen mål.

MerittarEndra

  • Vinnar av FA-cupen: 1987 med Coventry City

Regis døydde av hjartestans.

KjelderEndra