Ei dørhelle er ei tjukk steinhelle som ligg framfor inngangsdøra til eit hus. I ein del bygder har det vore status å ha store og staselege dørheller. Ofte kunne slike heller verte henta langt heimanfrå.

ei dørhelle.

Sidan dørhella markerer overgangen mellom ute og inne, har det vorte knytt ulike magiske tankar til ho. I mange dørheller finn ein innrissa skålgroper, runde skålforma holer som er nokre centimeter breie. Ein finn dei helst i hjørna som vender bort frå huset. Skålgroper er vanleg i helleristningar og i samband med graver frå jarnalderen. Dei har ymse symbolske eigenskapar.

Det har og vorte rissa runer i dørheller.

Kjelder endre