Dag Østerberg

Dag Østerberg (9. november 193822. februar 2017) var ein norsk sosiolog og filosof, oppvaksen i Trondheim.

Dag Østerberg
Fødd 9. november 1938
Trondheim
Død

22. februar 2017 (78 år)

Yrke filosof, sosiolog, musikkforskar

Samfunnstenkar og vitskapsmannEndra

Østerberg har vore ein viktig person innanfor norsk samfunnstenking den andre halvdelen av 1900-talet. Han medverka kring fleire tema, som til dømes vitskapsteori, marxisme, sosiologihistorie, konsekvensar i moderniteten og arkitektur.

Østerberg var professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, men sa frå seg stillinga. Han var seinare professor II ved Institutt for musikkvitskap same stad.

I 2002 fekk Østerberg Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl.

SjakkspelarEndra

Dag Østerberg var ein sterk sjakkspelar, junior-noregsmeister i sjakk 1956, delt med Eivind Stensholt.[1]

BibliografiEndra

LitteraturEndra

  • Svein Sundbø: Dag Østerberg - en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1955-1999. - Oslo: Nasjonalbibliotekets bibliografier, nr. 3 1999. - 51 s.

KjelderEndra


FotnotarEndra

  1. Brekke 2014 s. 295