Dag Magnus Narvesen
Dag Magnus Søyland Narvesen (f. 1983 ) er ein norsk jazztrommeslagar og komponist frå Stavanger.
Dag Magnus Narvesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1983 (41 år) Stavanger |
Yrke | trommeslagar, jazzmusikar |
Dag Magnus Narvesen på Commons |
I 2008 flytta han til Oslo, etter å ha studert på jazzlinjene ved Universitetet i Stavanger og NTNU i Trondheim.
Dag Magnus Narvesen sit i styret til improvisasjonskollektivet Kitchen Orchestra i Stavanger. Gjennom dette orkesteret har han spelt og samarbeidd med blant andre Alexander von Schlippenbach, Evan Parker, Steve Beresford og Keith Tippet. I tillegg dreiv han kvintetten Sasquatch, som har gjeve ut plata Enter The Sasquatch (CCAPknirk 2010). Han speler òg i Gunhild Seims Time Jungle som har gjeve ut platene Time Jungle (Drollehålå 2007), Morpho (Drollehålå 2009) og Elephant Wings (Drollehålå 2012).
Andre musikarar assosiert med Dag Magnus Søyland Narvesen: Stine Janvin Motland, Johannes Bauer, Klaus Ellerhusen Holm, Øyvind Storesund, Andrew D'angelo, John Holmström, Thomas Jäderlund, Fredrik Ljungkvist og Marilyn Crispell.