Dall Island er ei øy i Alexanderarkipelet i den søraustlege delen av den amerikanske delstaten Alaska. Øya ligg vest for Prince of Wales-øya og er ein del av Prince of Wales-Hyder Census Area. Ved folketeljinga i 2000 blei det registrert 20 personar på øya.[1]

Dall-øya
øy
Land  USA
Del av Alexanderarkipelet
Areal 657,9 km²
Folketal 20  (2000)
Kart
Dall-øya
54°57′22″N 133°03′32″W / 54.9561°N 133.059°W / 54.9561; -133.059
Wikimedia Commons: Dall Island

Det har levd folk på øya i to-tre tusen år. Tidlege busetjarar budde i kystholer. I dag er økonomiske aktivitetar her fiske og utvinning av kalkstein.

Øya har namn etter William Healey Dall. Ho blei opphavleg kalla Quadra, etter den spanske kapteinen Juan Francisco de la Bodega y Quadra. I 1879 blei ho kalla opp etter den amerikanske naturforskaren William H. Dall i staden.[2] I 1895 fekk den nordlege delen av øya namnet «Dall» mens den sørlege delen fekk navnet «Quadra».[3]

Kjelder

endre