Daniel Hubmann (fødd 16. april 1983) er ein sveitsisk orienteringsløpar frå Eschlikon. Han er seksfaldig verdsmeister individuelt og to gongar i stafett. I seks sesongar gjekk han til topps i verdscupen i orientering.

Daniel Hubmann


Statsborgarskap Sveits
Fødd 16. april 1983 (41 år)
Eschlikon
Idrett orientering
Tok del i

Verdenslekene 2005, Verdenslekene 2009, Verdenslekene 2013

Aktiv

endre

Hubmann kom på andreplass på kortdistansen ved VM 2005 og i VM 2006, begge gongane bak svenske Emil Wingstedt. Han vann sitt fyrste VM-gull i 2008 på klassiskdistansen, ein meisterskap der han også sikra seg sølv- og bronsemedalje. Endå betre gjorde han det i verdsmeisterskapen i 2009. Han forsvarte då VM-tittelen på klassiskdistansen og vann stafetten med Sveits, i tillegg tok han ein sølv- og ein bronsemedalje. Sidan heldt han fram å vinne medalje i nesten kvart einaste verdsmeisterskap i åra fram til 2021. Han vann gullmedaljen på kortdistansen ved VM 2011, VM 2017 og VM 2018, og på mellomdistansen i 2015. Åra frå 2015 til 2021 sanka han 8 VM-gull, 10 VM-sølv og ni VM-bronsar.

Hubmann var beste poengplukkar i verdscupen i orientering åra 2008-11 og 2014-15. Bortsett frå 2012-sesongen var han årleg ein av dei tre beste i verdscupen i tida frå 2005 til 2017.

Hubmann vart europameister på klassiskdistansen i 2010 i Primorsko, og på kortdistansen i Ticino i 2018. I alt vann han 10 (2-6-2) EM-medaljar.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

endre
  • VM 2005: Sølv på kortdistansen, bronse i stafett
  • VM 2006: Sølvmedalje på kortdistansen
  • VM 2007: Nr 4 på kortdistansen
  • VM 2008: Gull på klassiskdistansen, sølv på kortdistansen, bronse i stafett
  • VM 2009: Gull på klassiskdistansen, sølv på mellomdistansen, bronse på kortdistansen, gull i stafett
  • VM 2010: Bronse på mellomdistansen og i stafett
  • VM 2011: Gullmedalje på kortdistansen
  • VM 2013: Nr 5 på mellomdistansen
  • VM 2014: Sølv på klassiskdistansen, kortdistansen og i stafett
  • VM 2015: Gull på mellomdistansen, sølv på klassiskdistansen, gull i stafett
  • VM 2016: Bronse både på klassiskdistansen, mellomdistansen og på kortdistansen, sølv i stafett
  • VM 2017: Gull på kortdistansen
  • VM 2018: Gull på kortdistansen, sølv på mellomdistansen og i stafett
  • VM 2019: Bronsemedalje på klassiskdistansen
  • VM 2021: Nr 4 på klassiskdistansen

Kjelder

endre