Darjeeling Himalayan Railway
Darjeeling Himalayan Railway er ein 80 km lang, smalspora (610mm) jarnbane som forbind Darjeeling i Vest-Bengal til omverda. Andre endestasjonen er Siliguri. Darjeeling Himalayan Railway i distriktet Darjeeling blei ført opp på UNESCO si liste over verdsarv i 1999. Jarnbana, som blei opna i 1881, blir driven av Indian Railway. Den blei bygd av britane mellom 1879 og 1881 og blir sett på som det første og enno det mest storslagne eksempelet på jarnbanar i veldig høgtliggande område.
Jarnbana er framleis stort sett dampdreven. Linja har ei høgdeforskjell fra 100 moh ved Siliguri til 2200 moh ved Darjeeling.
Lokomotiv
endreAlle damplokomotiv som er i bruk på jarnbana er av klasse 'B'. Lokomotiva er bygd mellom 1889 og 1925. Av totalt 34 lokomotiv som er bygd, var det i 2005 berre 12 igjen i drift.
To diesellokomotiv er i bruk, Nr.604 & 605. Dei er begge to av klasse NDM6. Begge er i utgangspunktet bygd for Matheran Hill Railway.