Dasaratha var keisar av det sørasiatiske Mauryariket frå 232 f.Kr. til 224 f.Kr. Han etterfølgde farfar sin Asjoka den store.

Dasaratha Maurya
Mauryaherskar
Regjeringstid232 f.Kr.-224 f.Kr.
Fødd252 f.Kr. (juliansk)
Død224 f.Kr. (juliansk)
FøregangarAsjoka
EtterfølgjarSamprathi

Den eigentlege tronfølgjaren var Asjoka sin son Kunala, men denne skal ha blitt rekna som ute av stand til å regjera ettersom han var blitt blinda som ung. I staden kom brorsonen hans Dasaratha på trona. Då Dasaratha døydde, arva sonen til Kunala trona.

Dasaratha innvigde tre av Barabarhòlene til ajivika-asketane. Tre inskripsjonar i hòlene viser til han som «Devānaṃpiya Daśaratha» ('Elska av gudane', ein tittel Asjoka òg brukte[1]) og fortel at han innvigde dei kort tid etter at han kom på trona.[2][3]

KjelderEndra

  1. Dilip Kumar Ganguly, Aspects of ancient Indian administration, s. 7 
  2. Le Huu Phuoc (2010), Buddhist Architecture, Grafikol, s. 102 
  3. Romila Thapar (2001), Aśoka and the Decline of the Mauryan, New Delhi: Oxford University Press, s. 186, ISBN 019 564445 X 

BakgrunnsstoffEndra