Deal or No Deal er eit fjernsynsprogram som i Noreg vert sendt på TV2. Konseptet er henta frå Nederland og gjorde stor suksess som TV2 si laurdagsunderhaldning hausten 2006.

Deal or No Deal
Typefjernsynsprogram, mediafranchise
SjangerGame show
OpphavslandNederland
SkaparJohn de Mol jr.
Basert påMiljoenenjacht
KanalTROS, RTL 4

Konseptet endre

Konseptet går ut på at ein deltakar skal velje ein av 26 koffertar. Denne kofferten skal vere deltakaren sin gjennom heile spelet, dersom han ikkje vel å selje den til banken, som etter kvar runde kjem med nye bud på kofferten. Deretter skal deltakaren plukke ut koffert for koffert frå utvalet på scena, desse koffertane får deltakaren nemleg ikkje. Ein koffert kan innehalde alt frå 50 øre til 3 millionar norske kroner. Etter kvart bud frå banken må deltakaren svare eit av to alternativ; enten deal (som tyder at han vil selje kofferten) eller no deal (som tyder at han ikkje vil selje kofferten). Det er dette som har gjeve tittelen til programmet. Programleiar for den norske utgåva av Deal or No Deal er Sturla Berg-Johansen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre