Opna hovudmenyen

Debutalbum er det første musikkalbumet eit band eller ein musikkartist gjev ut, deira debut. Kortare musikkalbum som EP-ar vert til vanleg ikkje rekna som debutalbum. Til dømes vert Mercyful Fate si sjølvtitulerte fyrsteutgjeving Mercyful Fate ikkje rekna som debutalbum då dette er ein fire-spors EP, men den neste utgjevinga deira, Melissa, vert rekna som debutalbumet, då det er eit fullengds studioalbum.

Sal (pr 2008)Endra

Whitney Houston har salsrekorden for R&B-debutalbum i USA, albumet Whitney Houston frå 1985 selde over 13 millionar (13 x platina) i USA, og 22 millionar på verdsbasis. Britney Spears har rekorden for mestselgande pop-debutalbum i USA med ...Baby One More Time frå 1999, som vart seld i 14 millionar eksemplar (14 x platina) og 22 millionar på verdsbasis. Guns and Roses har salsrekorden for rock-debutalbum i USA med Appetite for Destruction som selde 18 millionar album i USA (18 x platina) og 28 millionar på verdsbasis. Leona Lewis har rekorden for snøggast selgande debutalbum i Storbritannia. Hennar album Spirit selde meir enn 375 000 eksemplar den første veka etter at det vart utgjeve.