Democracy, på norsk Demokrati, er eit teaterstykke skrive av briten Michael Frayn i 2003. Det vart sett opp på Nationaltheatret i Oslo hausten 2005.

Stykket handlar om den tyske kanslaren Willy Brandts fall gjennom avsløringa av den kommunistiske spionen Günter Guillaume. Han arbeidde som sekretær for Brandt og høyrde til kanslarens innerste krets. Noko av stykket finn stad på Hamar i Noreg.