Biologisk slekt
taksonomisk rang
(Omdirigert frå Den biologiske slekta)
Slekt (latin genus) er ein kategori brukt i den biologiske systematikken. Ei slekt kan omfatta éin eller fleire artar, medan éi eller fleire slekter høyrer til i ein familie.
Slektsnamnet er det fyrste ordet i eit binomisk vitskapleg namn på ein art.[1] Det vitskaplege slektsnamnet har alltid stor førebokstav, og er alltid skrive i kursiv. Om slektsnamnet har vore brukt tidlegare i ein tekst, kan ein forkorta det til førstebokstaven.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Genus | Definition & Examples | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 2. oktober 2023, henta 13. oktober 2023
- ↑ «Slik skriver du artsnavn riktig», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), 10. september 2014, henta 13. oktober 2023