Den høge porten eller Den osmanske porten (osmansk-tyrkisk Bab-ı Ali, albansk Porta e Lartë) er synkedoke for det sentrale styret av Det osmanske riket, og syner til ein høg port i Topkapipalasset i Istanbul, som frå 1654 førte fram til embetsbygningane og palasset til storvesiren. Frå 1718 vart namnet i europeiske diplomatiske krinsar til og med nytta som eit synonym på heile Det osmanske riket eller den osmanske regjeringa. Den eldre porten vart i 1840-åra erstatta av ein i rokokko, som i dag tener som inngang til provinsregjeringa og guvernøren sitt embetskontor i Istanbul.

Den høge porten i osmansk tid.
Den høge porten i 2006

Kjelder endre