Det italienske flagget

(Omdirigert frå Den italienske trikoloren)

Det italienske flagget er ein loddrett trikolor med tre like breie band i grønt, kvitt og raudt. Det er inspirert av det franske flagget som Napoleon tok med seg til Italia i 1797.

Det italienske flagget
Proporsjon: 2:3

Den noverande forma av flagget vart teke i bruk 1. januar 1948 saman med introduksjonen av den republikanske grunnloven.

Det har i lang tid vore ulike flagg, men det dei alle har sams er at flagget har dei tre fargane raudt, kvitt og grønt.

Spire Denne Italiaartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.