Den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878
Den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878 hadde sitt opphav i Russland sitt mål om å få tilgang til Middelhavet og erobre Balkanhalvøya frå Det osmanske riket. Bulgararane og serbarane, som ikkje lenger var underlagt det tyrkiske styret mot slutten av krigen, ser på denne krigen som den andre byrjinga på sjølvstende deira.
Den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878 | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plevnamonumentet nær murane til Kitai-gorod i Moskva. | |||||||||
| |||||||||
Partar | |||||||||
Det russiske keisardømet Romania Serbia Bulgaria Montenegro |
Det osmanske riket |
Denne krigen gav òg Kongedømet Romania sjans til å få fullt sjølvstende. Sjølv om dei, i motsetnad til dei andre balkanlanda, ikkje hadde vore ein del av Det osmanske riket, var dei likevel framleis offisielt under osmansk suverenitet. Derfor vert krigen i rumenske historiebøker omtalt som den rumenske sjølvstendekrigen.
Under krigen gjekk dei vestlege stormaktene inn på den osmanske sida, sidan dei ikkje ville at Russland skulle få større makt. I lag lykkast dei å avgrense den russiske framgangen, men krigen resulterte i langvarig uro på Balkan. Fredsavtalen vart underskriven i San Stefano 3. mars 1878, og Det osmanske riket godkjende Romania, Bulgaria, Serbia og Montenegro sitt sjølvstende.