Den ungarske revolusjonen i 1848

Den ungarske revolusjonen i 1848 var ein av mange revolusjonar som fann stad dette året. Den ungarske var nært knytt til andre revolusjonar i det habsburgske området. Revolusjonen i Ungarn voks til ein krig for sjølvstende frå habsburgsk styre.

Kunstnaren Mihály Zichy si framstilling av at Sándor Petőfi framfører Nemzeti dal til ei menneskemengd den 15. mars 1848

Mange av leiarane og deltakarane i revolusjonen, mellom anna Lajos Kossuth, István Széchenyi, Sándor Petőfi og József Bem, er blitt til nasjonale figurar i ungarsk historie. Dagen for revolusjonsutbrotet, den 15. mars, er ein av tre nasjonale heilagdagar i Ungarn.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen som har med Ungarn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.