Desmond Tutu
Desmond Mpilo Tutu (fødd 7. oktober 1931) er ein sørafrikansk kyrkjeleiar og aktivist som vart tildelt Nobels fredspris den 16. oktober 1984 på grunn av sin motstand mot apartheid. Han er og kjent for å ha lansert omgrepet «Regnbogenasjon» om folka i Sør-Afrika, som motsats til apartheid-inndelinga.
Desmond Tutu vart fødd i Klerksdorp i Transvaal i Sør-Afrika. Han var den første svarte anglikanske erkebiskopen i Cape Town i Sør-Afrika.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Desmond Tutu» frå Wikipedia på bokmål, den 7. september 2009.
Denne historieartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.