Det armenske folkemordet

Det armenske folkemordet var ei etnisk reinsking av armenarar frå Det osmanske riket under det ungtyrkiske styret i 1915–1920. Eit stort tal armenarar blei tvangsdeporterte eller drepne. Anslaga for kor mange menneske som døydde varierer mellom minst 300 000 til litt over 1,5 millionar.[1]

Armenarar blir tvinga til å marsjera til eit fengsel ved Mezireh av osmanske soldatar i april 1915.

Omtalen og nemninga på folkemordet er omstridd. Tyrkiske styresmakter nektar for at hendingane var eit folkemord, eller at drapa var planlagde.[2] Å hevda det motsette kan straffast under tyrkisk lov.[1]

Den offisielle minnedagen for det armenske folkemordet er 24. april.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Fosshagen, Kjetil (11. januar 2019). «Det armenske folkemordet». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Armenian Genocide | History, Causes, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 30. juni 2019 
  Denne historieartikkelen som har med Tyrkia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.