Det bissauguineanske riksvåpenet

Det bissauguineanske riksvåpenet blei teke i bruk kort tid etter at landet blei sjølvstendig frå Portugal i 1973.[1] Våpenet er basert på emblemet til sjølvstendepartiet Partido Africano da Independência da Guiné e Cabo Verde (PAIGC), og viser eit svart femtagga stjerne omkransa av to grøne palmegreiner og en gyllen kammusling.[1]

Riksvåpenet til Guinea-Bissau.

Stjerna i riksvåpenet er eit symbol på afrikansk einskap, palmeblada eit symbol på Guinea-Bissau og kammuslingen er eit gammalt nasjonalt symbol. På eit raudt tekstband står valspråket til PAIGC Unidade Luta Progresso (‘einskap, kamp, framsteg’) i svart skrift.[2] Fram til 2023 hadde våpenet ein raud bakgrunn og kvitt band.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Guinea-Bissaus flagg og våpen i Store norske leksikon. Besøkt 5. oktober 2024.
  2. Flagg og riksvåpen. Teknologisk forl. 2000. s. 81. ISBN 8251205832.