Det italienske flagget
Det italienske flagget er ein loddrett trikolor med tre like breie band i grønt, kvitt og raudt. Det er inspirert av det franske flagget som Napoleon tok med seg til Italia i 1797.
Den noverande forma av flagget vart teke i bruk 1. januar 1948 saman med introduksjonen av den republikanske grunnloven.
Det har i lang tid vore ulike flagg, men det dei alle har sams er at flagget har dei tre fargane raudt, kvitt og grønt.