Opna hovudmenyen

Konfliktar kan vera av rettsleg type. Dersom partane ikkje greier å inngå forlik, må saka til retten for å bli løyst.

Retten tyder i Noreg ofte Forliksrådet. Dét er meir løysingsorientert enn ein vanleg domstol og har som mål å få partane til å verta samde. Det er ganske rimeleg å ta ut ein forliksklage, og ein treng ikkje advokat.

Dersom båe partar er representerte ved advokat, er det normal praksis å reisa ei stemning direkte for ein vanleg domstol. Då må ein alltid byrja med tingretten. Skulle det gå gale der, kan den tapande parten anka til lagmannsretten, og til høgsterett om det vert naudsynt.

Ein norsk rettssak har ofte høge kostnader. Som saksøkar eller saksøkt har ein i visse fall fri rettshjelp, og ved somme tilhøve rettshjelpsdekning i forsikring, men somme gonger må ein betala sjølv.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.