Det sanktkittiske flagget
Det sanktkittiske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg på Saint Kitts og Nevis den 19. september 1983. Det er skrådelt med eit svart og gult band med to kvite stjerner i midten, og ein raud og ein grøn trekant på kvar side.
Flagget blei utforma av Edrice Lewis til ein konkurranse. Dei to stjernene står for håp og fridom. Grønfargen står for grøderikom og raudt for fridomskampen. Gulfargen står for det solfylte klimaet og svart for landet si afrikanske arv. Fargane i flagget er også panafrikanske fargar brukt i mange afrikanske flagg.
Nevis-flagget
endreØya Nevis har eit eige flagg som skil seg frå nasjonalflagget. Det er gult med det sanktkittiske flagget innfelt i øvre indre hjørne, og eit stilisert bilde av vulkanen Nevis Peak i kvitt, grønt og blått midt på.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Saint Kitts och Nevis flagga» frå Wikipedia på svensk, den 3. august 2011.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Allt om världens flaggor, Bonnier Impact, Stockholm 2007, s. 35. ISBN 91-85605-09-3.
- Saint Kitts and Nevis ved Flags of The World''
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.