Det somalilandske flagget

Det somalilandske flagget er ein trikolor med like breie, horisontale felt i grønt, kvitt og raudt. I det grøne feltet er den muslimske truvedkjenninga Sjahádah, og i det kvite feltet er det ei svart stjerne. Flagget vart teke i bruk av den de facto uavhengige republikken Somaliland 14. oktober 1996.

Det somalilandske flagget.

Ein annan variant av det noverande flagget har oransje farge i det nedre feltet.

Mellom 1991 og 1996 brukte Somaliland eit flagg med ein grøn sirkel på kvit botn.

Sidan flagget inneheld den muslimske truvedkjenninga Sjahádah, skal det ikkje heisast på halv stong ved sorg.

Kjelder endre