Det sosialdemokratiske partiet i Bosnia og Herzegovina - Sosialdemokratane

Det sosialdemokratiske partiet i Bosnia og Herzegovina - Sosialdemokratane (Socijaldemokratska Partija BiH - Socijaldemokrati) er eit sentrum-venstreparti i Bosnia og Herzegovina. Partiet er etterfølgjar til Kommunistligaen i Bosnia og Herzegovina, Det jugoslaviske kommunistforbundet si avdeling i denne delrepublikken i det tidlegare Jugoslavia.

Logo

Dagens parti er ei samanslåing av det opphavlege SDP og gruppa Socijaldemokrati BiH, derfor det lange offisielle namnet. Forkortinga er SDP. Partiet er multi-etnisk og går inn for ei styrking av fellesinsitusjonane i Bosnia og Herzegovina. Det er medlemsparti i den Sosialistiske Internasjonalen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra