Di Shvue
Di Shvue er ein sosialistisk kampsong bruka av den jødiske sosialistiske organisasjonen Bund, som stod sterkt særleg i Aust-Europa før andre verdskrigen og Holocaust. Di Shvue tyder «lovnaden» på jiddisch, og er ein lovnad om truskap til det raude flagget og til organisasjonen Bund.
Første verset er slik (tekst av S. Ansky, norsk gjendikting ved E. Outzen):
Brider un shvester fun arbet un noit alle vós zainen tsezeit un tseshpreit. Tsuzammen, tsuzammen, di fón zi iz greit — zi flattert fun tsór’n, fun blutt iz zi roit — a shvue, a shvue ouf lébn un toit! |
ברידער און שוועסטער פֿון אַרבעט און נוֹיט אַלע, וואָס זײַנען צעזייט און צעשפּרייט. צוזאַמען, צוזאַמען, די פֿאָן זי איז גרייט — זי פֿלאַטערט פֿון צאָרן, פֿון בלוט איז זי רוֹיט — אַ שבֿועה, אַ שבֿועה אויף לעבן און טוֹיט! |
Søstrer og brør i arbeid og nød Spreidd' er vi veike i kampen for brød. Men saman, saman, med flagget støtt - det blafrar av sinne, av blod er det rødt - gir vi ein lovnad på liv og på død! |