Dieđut
Dieđut er den vitskaplege skriftserien eller tidsskriftet som Nordisk samisk institutt i Kautokeino gjev ut. Dieđut har komme ut sidan 1974 (fram til 1978 under namnet Dieđot, etter dåverande rettskriving (Bergsland-Ruong-rettskrivinga).
Dieđut | |||
Språk | fleire språk | ||
---|---|---|---|
Nettstad | https://samas.no/se/dutkan/publikasuvnnat |
Dieđut kjem med uregelmessige mellomrom, og inneheld både monografiar og artikkelsamlingar. Hovudtyngda av artiklane er produsert av tilsette ved Nordisk samisk institutt, og dei er i hovudsak skrivne på nordsamisk, finsk, norsk eller engelsk.