Dimítris Salpingídis
gresk fotballspelar
Dimítris Salpingídis (fødd 18. august 1981 i Thessaloníki) er ein gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han har spela i angrep for Panathinaikós.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Δημήτρης Σαλπιγγίδης Dimítris Salpingídis | ||
Fødd | 18. august 1981 | ||
Fødestad | Thessaloníki | ||
Høgd | 172 cm | ||
Posisjon | Spiss, høgreving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Panathinaikós | ||
Nummer | 14 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1999-2006 1999-2000 2000-02 2006- |
PAOK Lárisa (lån) Kavála (lån) Panathinaikós |
103 (50) 7 (0) 43 (25) 113 (46) | |
Landslag | |||
2005- | Hellas | 34 (3) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. januar 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 28. mars 2010 |
Salpingídis sin første klubb var PAOK i heimbyen Thessaloníki. Som ung spelar vart han lånt ut til Lárisa og Kavála, der han vart toppskårar i gresk andredivisjon. Tilbake i PAOK vart Salpingídis fast på laget i 2002, og vart klubbkaptein som 21-åring. I 2005/06-sesongen vart han toppskårar i den greske toppdivisjonen for PAOK. 16. august 2006 gjekk han til Panathinaikós, og 20. august same året skåra han hattrick i ligadebuten sin for Panathinaikós mot Egáleo. Han var med på å vinna den greske ligaen med Panathinaikós i 2009/10-sesongen.