Dimósia Tileórasi
Dimósia Tileórasi (DT, gresk Δημόσια Τηλεόραση, ΔΤ), opphavleg Ellinikí Dimósia Tileórasi (EDT, gresk Ελληνική Δημόσια Τηλεόραση, ΕΔΤ), var ein gresk rikskringkastar frå 10. juli 2013 til 4. mai 2014. Den førre rikskringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi vart nedlagd 10. juni 2013, og Dimósia Tileórasi vart sett i drift fram til den nye rikskringkastaren Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi vart starta opp 4. mai 2014.[1]