Dimiktisk er eit omgrep nytta om innsjøar som sirkulerer fritt to gonger i året, haustfullsirkulasjon og vårfullsirkulasjon.

Typisk blandingsmønster for ein dimiktisk innsjø.

Det er ein termisk innsjøtype som vil sei at tempeaturen i dei øvste vasslaga er lågare enn 4 ºC om vinteren og høgare enn 4 ºC om sommaren. Ferskvatn har maksimal tettleik når temperaturen er 4 ºC. Sirkulasjonsperiodane skjer når temperaturen i overflatelaget er nær 4 °C, som det er om hausten og våren. Sidan dette vasslaget då vil vere tyngre enn vasslag med andre temperaturar, vil vatnet søkke og blande seg med andre vasslag.

Innsjøane i dei tempererte sonene på jorda er typisk dimiktiske.

Kjelder

endre

«dimiktisk_innsjø» i Store norske leksikon, snl.no.