Diskusjon:Anton Tsjekhov
Siste kommentar: for 13 år sidan av Kaitil
Lista over forteljingar er henta frå ein gammal versjon av bokmål-artikkelen som var skriven av folk som som ikkje meistra norsk spesielt godt, sannsynlegvis russarar, og titlane som ligg i denne artikkelen ber framleis preg av det. Døme:
- Den Svenske Kampen (1883); skal vere Den svenske tennstikken
- Østere (1883); skal vere Østers
- Et råttent barns fiolin (1894); denne er stygg, skal vere Rotschilds fiolin
- Mannen I En Sak, Gåsebær, Om Kjærlighet - den 'Lille trilogien' (1898):
- I trilogien finn ein Mannen i futteralet, Stikkelsbær (og Om kjærleik).
Det finst mange fleire feil i lista. Dersom bokmålstitlar (eg veit ikkje om det finst kommersielle nynorskomsetjingar) framleis er greit er det berre å kopiere lista frå bokmålsartikkelen, sjølv om måten å lenke til Wikikilden ikkje fungerer på nn:wp. Eg oppdaga dette da eg skulle legge inn lekkjer til nynorskomsetjingar av Novelletrilogien på Wikikilden. Kaitil 4. november 2010 kl. 21:13 (CET)