Diskusjon:Blodbadet i Melbourne

Siste kommentar: for 11 år sidan av Altijd

Den engelske artikkelen, som dette skal vere ei omsetjing av, heiter Blood in the Water match. Det høyrest ein del mindre dramatisk ut enn Blodbadet i Melbourne. Når artikkeltittelen så står linja over München-massakren og bombeåttak i navigasjonsmalen, som tek dobbelt så mykje plass som heile artikkelteksten, vert det useriøst, uleksikalt og tåpeleg. --89.8.16.65 27. november 2012 kl. 23:47 (CET)Svar

Etter det eg kan sjå skriv dei «Blodbadet i Melbourne» på ungarsk. Artikkelen er plassert over München-massakren av di han ikkje har noko med massakren, boikottar eller dødsfall å gjere. No har det seg sånn at navboksen er større enn artikkelteksten av di det er lagt inn mykje i boksen, i tillegg til at artikkelen er kort. Om boksen er større enn sjølve artikkelen speler ikkje noko rolle. --Altijd (diskusjon) 28. november 2012 kl. 15:10 (CET)Svar
Tilbake til siden «Blodbadet i Melbourne».