Diskusjon:Framstegspartiets Ungdom

Siste kommentar: for 11 år sidan av 85.166.243.27 i emnet Flytting?

Flytting? endre

Er ikkje «Framstegspartiets Ungdom» eit betre artikkelnamn enn «Framstegspartiet sin Ungdom»? Det fyrste er meir brukt og bryt heller ikkje med nynorske reglar, jf. «Noregs mållag». 85.166.243.27 25. februar 2013 kl. 21:13 (CET)Svar

Samd i at «Framstegspartiet sin Ungdom» kling dårlegare språkleg. På nettsidene til FrpU finn eg berre forkortinga brukt om fylkeslaga, men i andre samanhengar et oftast forma «Framstegspartiets Ungdom» brukt. Td her: Kommunal rapport, innlegg frå gammal FrpU-ar, Allkunne, Hordland Frpu - innlegg. Eg er derfor samd i at vi bør flytte. --Knut (diskusjon) 25. februar 2013 kl. 22:41 (CET)Svar
PS: Best hadde det vore å skrive Framstegspartiungdommen, men den formuleringa finn eg berre brukt av senterpartifolk. Så eg held på flytting som føreslått. --Knut (diskusjon) 25. februar 2013 kl. 22:53 (CET)Svar
Personleg synst eg Framstegspartiungdommen er eit godt forslag, men det er, som du seier, lite brukt. Senterpartiet har Senterungdom(m)en, kan vera der dei fekk inspirasjonen(?) Ein annan ting er jo at ungdom heiter både ungdomen og ungdommen i bunden form … 85.166.243.27 26. februar 2013 kl. 00:54 (CET)Svar
Tilbake til siden «Framstegspartiets Ungdom».